Arbeidet er det same, uansett kva båt dei bygger. Alle er nærmast i slekt med kvarandre og kjenner kvarandre godt.

– Det er ein kjekk og fin gjeng å arbeide saman med, der alle veit kva dei skal gjere, seier Jakob Helseth som er den eldste i gruppa med sine 79 år.

Jakob prøver å arbeide mellom seks og sju timar kvar dag.

– Eg hadde ikkje trudd eg skulle bygge vikingskip på Eid. Men det går veldig greitt. Litt rart å skulle pendle, men det er dei same rutinane i bygginga, sjølv om alt er litt tyngre og grovare, legg han til.

Uvant å pendle

Ottar Kåre Bjørkedal (55) synest jobben er både interessant og spennande men også litt uvant. Men det er ikkje båtbygginga som er uvant, men det å måtte pendle til Eid å bygge båt.

– Dette har vi stort sett drive med heime. Eg har vore med å bygge både Gokstad og Osebergskipet, men dette er litt større enn dei. Det er spennande å sjå korleis dette går. Utfordringa her er ikkje større enn på dei andre, framgangsmåten er den same. Stamn og kjøl er litt større og tyngre, så der må vi vere fleire, fortel Ottar.

Open dag

Laurdag inviterer Sagastad til open dag, der dei som ønsker kan komme å sjå på Myklebustskipet under bygging.

– Det er fasinerande å følge med, og vi ønsker at flest muleg skal få sjå. Vi vil ha mange visingar framover mot sommaren, seier dagleg leiar i stiftinga Sagastad Solveig Midtbø.

Førebels er det 150 som er påmeldt laurdag. Vil du sjå skipet med eigne auge blir det fleire høve utover våren. Du kan melde deg på ved å kontakte Solveig direkte, eller sjå tidene på deira facebookside Sagastad.

Nokre tusen saumar

Ola Følsvik (73) klinkar saum, og har ikkje noko eksakt tal på kor mange det blir totalt.

– Det blir nokre tusen. Sjølv vaks eg opp med båtbygging heime, der både far min og onkelen dreiv med det. Eg gjekk i vegen så mykje eg kunne då eg var liten, og fekk sjå korleis alt gjekk føre seg. Då eg vart gammal nok fekk eg prøve å vere med. Vi snikra både snekke og større båtar. Største var vel 52 fot kravelbygget, fortel Ola.

Sjølv om han er pensjonist synest han det er kjekt å vere med på prosjektet på Eid.

– Det er eit interessant prosjekt, og kjekt å få utføre handverket. Så håpar eg vi ikkje får store problem  undervegs, seier han.

Kombinerer med fjøsdrift

Også Jakob Bjørkedal (61) likar seg i hallen og høvlar og måler opp på eit av borda. Han pendlar mellom garden heime og Eid.

– Den største utfordringa blir vel om skipet blir sterkt nok til slutt. Det vert naturleg nok fleire skøyter på ein stor båt. Men vi vil forsterke der det trengst, seier han.

Skipet skal byggjast i full målestokk, ca. 30 m langt og 6,5 m breitt. Skipet skal kunne seglast på fjorden, men vil store deler av året vere utstilt i og vere ein av hovudattraksjonane i Sagastad.

Ferdig våren 2019

Båtbygging er vinterarbeid,  og denne samt dei kommande to vintra vil båtbyggarane frå Bjørkedal og Straumnshamn vere på Eid for å ferdigstille det største vikingskipet som vi kjenner til i Norsk vikinghistorie.

– Det er litt spesielt å vite kva ein skal gjere dei neste tre vintrane framover. Vi er jo meir eller mindre i slekt alle som er her, og er vanlegvis ikkje så mange på same prosjekt. Vi tek problema etter kvart dei dukkar opp, det er vanskeleg å planlegge alt som kan dukke opp undervegs, fortel Ottar.

Båtbyggaren føl også virket frå emne på ståande rot i skogen til båten er ferdig bygd.