Soknerådet i Eid er godt nøgde etter flott oppmøte på måndagens Hallovenn arrangement i idrettshallen der ein stad mellom 800 og 1000 deltok.  Hallovenn er eit arrangement kvart år den 31. oktober og er tenkt og vere eit alternativ for barnefamiliar i staden for Halloween.

– Ungane kler seg gjerne ut, men vi prøvar å formidle at det ikkje bør vere for skumle kostyme, så dei minste barna ikkje vert skremde. Dette er eit familiearrangement for heile familien, seier Beate Folkestad Osdal.

Over 100 kilo godteri

Likevel kom det til kort på godterifronten. Litt feilberekning gjorde til at godteriansvarleg Martha Elvebakke måtte køyre ned på Eid fire gongar for å fylle opp godteriposane.

– Vi er heilt avhengige av at næringslivet og butikkar sponsar oss med godteri, og det er vi kjempetakknemlege for at dei gjer, vi hadde ikkje greidd det utan denne hjelpa. Alle barna får delt ut ein godteripose kvar, og det gjekk vel med over 100 kilo godteri denne kvelden her, seier Martha.

Les meir i Fjordabladet fredag.