– Det er kjempekjekt å ha hospitantar her, dei blir kjent med studieretninga, og får prøve seg på praktiske oppgåver. Og så er det kjekt for elevane våre å undervise 10.-klassingane. Dei veks også på å lære frå seg, seier Birgit Båfjord som er faglærar på Design og Handverk.

Inayat Heydari og Ine Kupen Sætren går begge i 10. klasse på Eid ungdomsskule. Dei synest det er både spennande og kjekt å få prøve seg på praktisk arbeid med design.

– Eg valde å besøkje Design og Handverk, fordi det verkar spennande og kjekt, eg trur eg kunne tenkt meg å søke på dette etter å ha vore her å prøvd, seier Inayat.

– Eg synest også dette er spennande, men er ikkje heilt sikker på kva eg skal søke på. Kanskje det blir Design og Handverk, seier Ina.

Også Sandra Pauline Skinlo frå Breim ungdomsskule og Marte Nødset frå Førde ungdomskule synest det er kjekt å komme til Eid å sjå kva tilbod om finst her.

– Det er interessant og veldig annleis enn dei tilboda vi har i Førde. Eg synest det er spennande, men veit ikkje heilt om dette er heilt meg, seier Marte.

Sandra er allereie overtydd om at dette er noko for henne. Ho teiknar svært mykje, både menneske og kle, og seier ho vil søke.

– Då kjem eg antakeleg til å pendle. Det freistar i alle fall å søke her, det verkar veldig bra, seier Sandra.

Mange ulike alternativ

Elias Alme går på Breim ungdomsskule og Kent Aril Solheim på Gloppen ungdomsskule, begge har prøvd to dagar på industriell møbelproduksjon. Dei synest det er kjekt å sjå dei ulike alternativa som finst når dei skal søke på vidare studieplassar etter grunnskulen.

– Eg kjem til å søke hit. Eg synest praktisk arbeid er interessant, og kjekkare enn teoretiske fag, seier Elias Alme.

– Det er kjekt å vere i praktisk arbeid. Eg vil bli bilmekanikar, og kjem sikkert til å gå første året her på VG1, og så ta andre året på bilmekanikar i Måløy. Begge brør mine har gått her, ein er bilmekanikar i dag, og den andre utdannar seg. Eg er godt kjend med skulen og tilboda her, seier Kent Aril Solheim.

Stort val å ta

Teknisk Industriell Produksjon freistar ikkje berre gutane, men også jentene. Dei tre jentene Oline Challen, Hanna-Talina Nordnes Sørland og Anna Teresa Villar Sundal frå Eid ungdomsskule seier dei ville velje TIP på hospiteringa for å få litt inntrykk av praktiske yrkesfag. Men dei vil ikkje nødvendigvis søke på linja.

– Eg har bestemt meg allereie for kva eg vil bli, og det er advokat. Eg ville likevel prøve TIP for å få eit inntrykk av yrkesfaga, fortel Anna Teresa V. Sundal.

Hanna-Talina har bestemd seg for å bli bilmekanikar, og kjem mest sannsynleg til å søke på Eid vidaregåande og TIP.

– Det er spennande å vere her, og veldig lærerikt. Det hjelper oss til å gjere val på kva vi skal studere til neste år. Vi må bestemme oss før 1. mars, då går søknadsfristen ut, seier Oline Challen.

Mange mulegheiter

Tord Flatebø og Sokrates Vidnes er i full gang med å kople ein startmotor i Elektrofaget. Automasjon er del av Elektrofaget og opnar mulegheiten for arbeid på Eid.

– Eg synest det virkar veldig kjekt, og lærerikt. Eg vurderer å starte på elektro. Eg har prøvd dette litt tidlegare, men det er veldig kjekt å vere her å prøve noko nytt. Eg har lyst på ein jobb der eg både kan kombinere praktisk og teoretisk arbeid, seier Tord Flatebø frå Eid ungdomsskule.

– Det er veldig god trening både for våre eigne elvar som får lære bort det dei har lært på 1,5 år. Dei har vore igjennom ein bratt læringskurve på denne tida og får no fortelje korleis ting heng i hop til 10. klassingane. Det veks dei på, seier faglærar Leiv Johnny Endal.

Veterinærar må kunne matte

Også i Realfag fekk fleire hospitantar prøve seg på teoretisk matte i faget R1 (Realfagsmatte).

Matematikk er viktig å kunne om ein til dømes skal gå vidare å studere til lege, veterinær eller ingeniør.

I alt åtte hospitantar fekk prøve seg på teoretisk matematikk, to av dei har planar om å studere vidare til veterinær. Julie Sæten, og Silje Sørensen Høyland kjem begge frå Eid ungdomsskule, dei har planar om å studere vidare til veterinær og synest matematikk er spennande.

– Matte er veldig gøy, og utfordrande. Eg kjem nok til å søke her, seier Julie.

– Eg har mest lyst til å bli veterinær, men er litt usikker. I dag har vi lært litt om vektorar, og det er spennande. Viss eg ikkje søker her på Eid, så kjem eg nok til å søke på idrettslinja på Sandane.