Gårsdagens underhaldning var det dei to banda Yuma Sun og The Dogs som sto for. Førstemann ut på scena var bandet Yuma Sun. Musikken bandet frå Karmøy speler kan beskrivast som ei god blanding av folk og rock. Deira nye album har fått namnet «Watch us burn», og det er kanskje den aller beste beskrivinga av bandet.  Dei speler på dei same dystre og store strengane som Kaizers Orchestra. Berre hakket mørkare. Med andre ord var det mørk rock, rock & roll, punk, litt gotisk westernrock og litt blues i gymmen då Yuma Sun spelte.

The Dogs avslutta kvelden på eit imponerande vis. Dei sto på amfiscena i 2015, men fastslo under konserten i gymmen at det var betre liv  klokka 23 enn då dei spelte på amfiscena midt på dagen. Konserten kan beskrivast med følgjande ord; skittent, sveitt, scenesirkus, rock og høgt tempo. Det er Kristopher Schau som er frontmann i bandet og med han i førarsetet rocka dei laust i gymmen.  Malakoff er i gong.