Opposisjonsleiar: Alf Reidar Myrstad (Sp) la på vegner av Sp, Ap og SV fram partia sitt forslag til budsjett for 2018 for Eid kommune. Til høgre Ståle Sandal (Sp)
            (Foto: Tormod Flatebø)

Opposisjonsleiar: Alf Reidar Myrstad (Sp) la på vegner av Sp, Ap og SV fram partia sitt forslag til budsjett for 2018 for Eid kommune. Til høgre Ståle Sandal (Sp)Foto: Tormod Flatebø

«Opposisjonen» sitt forslag til årsbudsjett

–Den store forskjellen på vårt budsjettforslag og det som samarbeidspartia har lagt fram, er at vi ikkje vil gjere store kutt i helse- og omsorgssektoren.

Det sa Alf Reidar Myrstad som la fram b budsjettforslag på vegner av Eid SV, Eid AP og Eid Sp.


Kommunebudsjettet for 2018

To ulike budsjettframlegg

 

Meirutgift

– Vi ønskjer ikkje å auke eigedomsskatten til innbyggarane i Eid. Det betyr at vi, samanhalde med rådmannen sitt balanserte budsjett, må finne inndekning for 3,6 millionar kroner annan stad. Vi ønskjer også at leigesatsane for idrettshallar og symjehall blir halde uendra. Det gjeld også eigenbetalinga for elevar i kulturskulen. Dette utgjer rundt rekna 100.000 kroner. Vi ønskjer å innføre ei prøveordning med aktivitetskort. Dette tilbodet reknar vi vil ha ein prislapp på 25.000 kroner. Ut over det som er nemnt vil vi løyve 200.000 kroner til fellesanlegget på Tua. Samla blir dette ei meirutgift i budsjettet på 3,925 millionar kroner, sa Myrstad som la fram forslag på korleis meirutgifta og/eller mindreinntekta skulle dekkast inn.


 

Inndekning

For å dekke inn meirutgiftene ønskjer vi å auke avkastinga på Aktiv Forvaltning med ein million kroner, auka bruk av disposisjonsfond med 0,7 millionar kroner, kutt i ramma til teknisk med 0,4 millionar kroner, kutt i ramma til sentraladministrasjonen med ein hal million kroner, setje anslag for lønsauke i 2018 til 2 prosent, som betyr 1,150 millionar kroner i mindre utgift for Eid kommune. Siste punkt vi har på lista er kutt i ramma til Helse- og omsorg med 175.000 kroner. Samla blir dette 3,925 millionar kroner, sa Myrstad som i tillegg føreslå at det vart løyvd 500.000 kroner i investering til sykkelparkering og 5,4 millionar koner til rehabilitering av garderobane i Eid idrettshus


 

Verbalforslag

I vårt verbalframlegg gjer vi framlegg om at det vert innført familiepris i symjehallen frå 2018, og at administrasjonen utarbeider reglar, for dette. Vidare at ordninga med aktivitetskort vert vidareført. I 2018 vert det lagt inn 25.000 kroner. Vi føreslår at ordninga blir evaluerast og ein justert sum skal leggast inn i økonomiplan ved behandling av sak om budsjett og økonomiplan 2019–2022.

Avslutningsvis føreslår vi at LA-senteret vert nytta til å lage mat til møter når dei har kapasitet, sa Alf Reidar Myrstad.