Bileta i denne serien er henta frå andre akt av «Sildagapet». Operaen handlar om livet til fiskarane og kystfolket under det eventyrlege sildefisket på 1950-talet. Alle bilete er tatt under generalprøven sist måndag.

«Sildagapet» er skriven av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde. I 2014 omsette Jostein Avdem Fretland Fellini sin opera Il puritani til nynorsk, og som fekk namnet «Søner av Sola». Opera Nordfjord sette opp den i 2014. Bakteppet for «Sildagapet» - ein opera om havets sølv – er lagt til kysten av Nordfjord.

Festen i Turnhallen er over og vi er komne tilbake til kvardagen. Det er måndag morgon på kaia i Måløy. Det er fullt av folk som spring frå og til med ulike gjeremål.

Alle gjer seg klare til ei ny veke med sildefiske. Ragnar (Øystein Skre) og Håkon (Eivind Kandal) er komne med lettbåt frå Silda, og gjer seg klare til å gå ombord på snurparen dei skal ut på fiske med. Men Håkon skal først treffe treffe Inga (Martha Standal Pavelich) som han vart kjent med på snurpefesten i helga.

Erling (Kristian Krokslett), far til Inga, som tapte mykje pengar på kortspel på festen i Turnhallen og som lagar og sel sildekasser, prøver å få ein betre pris for sildekassane sine av ein av fiksebåteigarane ofr å dekke over tapet i kortspelet. Fiskebåteigaren vil ikkje gje betre pris. Erling fortvilar over kor dum han har vore.

Håkon og Inga treffest og utvekslar nokre blyge høflegheitsfraser, sjølv om dei tydeleg er forelska. Håkon lyt springe, men bed om å få treffe henne att den same kvelden, og at ho vert med han heim til Silda for å treffe foreldra hans. Inga seier at ho ikkje vil vere med han heim utan at det var utsikt til eit varig forhold. Håkon meir enn ymtar at han kjem til å fri til henne.

Bjørn på Sanden (Magne Fremmerlid) og kona Gunnhild (Helga Botn) kjem gåande inn på kaia. Bjørn har dårleg samvit for all gjelda han har spela på Erling, Gunnhild seier at den som ikkje har råd, ikkje burde spela kort. Bjørn held på sitt, minner om kor nære dei sjølve hadde vore å miste garden sin under krigen, og at Erling har familie, til og med ei dotter som son deira hadde fått eit godt auga til under snurpedansen. Gunnhild får ein idé om at dersom Guttorm og dottera gifte seg, fekk Gunnhild og Bjørn tak i svært billege sildekasser, så dei kunne pakke silda sjølv og verkeleg slå seg opp i industrien. Bjørn er entusiastisk, og dei to glid inn i den generelle optimismen og framtidstrua hjå folket på kaia.

Same kveld i ein lugar på betelskipet Elieser 5. sit Erling tyngd på rommet sitt. Inga kjem lukkeleg inn og bed faren ta til å planleggje gjestebod, for ho trur eit frieri snart er på veg. Erling avslører at det ikkje berre er uråd å halde bryllaup, han har fått så mykje spelegjeld at han ikkje ser nokon annan utveg enn å selje ættegarden. Inga blir knust.

Når sildebåtane tek til å koma inn, spring Inga ut for å finne Håkon. Ho hoppar frå båt til båt og spør etter båten deira, medan sildegutane strøymer til. Til slutt finn ho båten, og Håkon blir overlukkeleg når han ser henne. Inga fortel at dei ikkje kan gifte seg, for far hennar kan verken kan halde bryllaupet eller yte medgift. Ragnar, far til Håkon, som står litt unna, seier at han vil både halde bryllaupet og avstå frå medgifta, dersom det gjer at dei får vere saman.

Idet dei legg inn til kai, stormar Erling til og ropar at dei er berga. Inga hoppar gledesstrålande ut og blir med inn på kaia, der Bjørn, Gunnhild og Guttorm ventar. Erling forklarar at Bjørn har gått med på å slette gjelda hans og låne han pengar til å betale dei andre kreditorane sine, dersom han får kjøpe billige sildekassar av han, og at Inga giftar seg med Guttorm. Inga blir mållaus, medan Guttorm frir høgtideleg. Inga er rasande og spør faren om kva slags kar han er, som sel dotter si for å betale for sine eigne synder. Samstundes minner ho faren om at ho har sagt ja til å vil gifte seg med ein annan.

Når Gunnhild forstår at Inga slett ikkje kjem til å gifte seg med sonen, erklærer ho og Guttorm at no skal gjelda krevjast inn så fort som råd, utan nåde. Bjørn er med på noko av det dei seier, men prøver òg å halde dei to attende.

Erling bed Inga om orsaking og legg til at ho må fare og finne lukka sjølv, utan å tenkje på han.

Når dei andre går, kjem Håkon fram til Inga og trøystar henne. Dei blir sedde av Gunnhild, som forstår at det er han Inga vil gifte seg med. Inga avtalar med Ragnar og Håkon at dei skal vente på ein kafé, medan ho går og sjekkar at det går bra med faren. Samstundes tuktar Gunnhild Bjørn og Guttorm for at dei lèt seg herse slik med, utan å ta hemn. Bjørn lurer på om det ikkje er gale nok at dei skal drive Erling frå gard og grunn. Gunnhild seier at det er greitt nok, men at det er verre med dei utpå Silda, Ragnar og Håkon, som alltid tykkjer dei skal vere betre enn dei. Ho ser lettbåten deira og foreslår at Guttorm skal ta øksa si og seinke han, så dei ikkje kjem seg heim den kvelden. Bjørn får nok av henne og går, men Guttorm vert att, og det endar med at han lagar hol i båten, så vatn tek til å sive inn.

Inga kjem springande inn til Håkon og Ragnar på kaféen. Ho fortel at det var tomt på rommet til faren, utanom ein lapp han hadde skrive med ei siste helsing. Ragnar bed dei unge om å få tak i hjelp. Han sjølv skal gå ut i lettbåten for å leite. Ved båten reflekterer han over at båten tek inn meir vatn enn før, at han lyt ein tur på verkstaden berre sildefisket er over.

Ut på natta vert det sendt ut radiomeldingar om at det er sett i gong søk etter ein sakna mann nær Måløy kai. Ragnar melder frå om at han deltek, med namn på båten og posisjon. Andre båtar blir med i søket. Ragnar melder om at han har problem og tek inn vatn. Dei andre mistar kontakten med han, og til slutt utvidar redningsskøyta søket til å omfatte Ragnar og båten hans.

Korleis det går vidare er best å sjå og høyre i operasalen, men så mykje kan vi seie; Det blir veldig dramatisk.