Klar for premiere

Om ein time går sceneteppet opp for musikalen Back to the 80s i Operahuset Nordfjord, med elevar frå Eid vidaregåande skule. Her blir det fargar og fest frå 22 songarar, skodespelarar og dansarar på scena.

Dei unge som er fødde på slutten av 1990-talet vil ta føre seg 1980-talet. Her blir det mykje fargar, mykje dans og høg stemning frå start til slutt. Årets musikal på Eid vidaregåande skule er snart klar for premiere.

 

Heile seksten ulike dansenummer klarer dei å få plass til i løpet av dei vel to timane musikalen varer.

 «Back to the 80s» er ein musikal som beskriv ei avgangsklasse på ein vidaregåande skule ein gong på 1980-talet. Vi finn dei kule i ein gjeng, dei som er litt innanfor i ein annan, og så nerdane for seg sjølv. Her er det kjærleik, svik, latter og tårer. Men først og fremst er det høg fart, taktfast musikk og mykje dans som pregar årets musikal ved Eid vidaregåande skule.

 

Hektisk

I utgangspunktet skulle musikalen «Oliver» setjast opp ved Eid vidaregåande skule dette skuleåret. Men på grunn av at dei ikkje fekk lov til å bruke ei jente i ein guterolle, vart det bestemt å byte musikal. Då måtte ein bestemme seg fort, og valet fall på «Back to the 80s». Det vart ei spennande tid, seier instruktør Michael Pavelich.

 −Vi fekk veldig lita tid og måtte berre finne den musikalen som var tilgjengeleg. Ei stund trudde eg at dette ikkje ville gå på så kort tid, og eg var redd for at elevane ville misse motivasjonen etter så mykje styr og vanskar. Men dei har vist seg frå si beste side, og har stått på for å få dette i hamn. Ikkje minst er eg imponert over at elevane har klart å lære alle desse dansane på så kort tid, seier instruktør Pavelich og får støtte frå koreograf Candice Bredesen.

 

Kort tid

  −Dei klarte å lære seksten ulike dansar på berre ni veker. Det er heilt fantastisk, dei er veldig flinke. Både til å danse, og så har vi mange gode songarar, seier koreograf Bredsen som har planlagt og sett saman dei ulike danseinnslaga.

 

550 billettar

I dag rundt klokka tolv var det selt i alt 550 billettar til musikalen. Det er 350 til i kveld og 200 til i morgon. Vanlegvis er det også fleire som bestemmer seg få timar før premieren, så nokre billettar ved døra går nok også unna.

 

Kjende songar

Mange som var unge på 80-talet vil nok kjenne att mange av songane undervegs. Det er til dømes «Girls just want to have fun», «Final Countdown», «Dancing on the ceiling» og «Eye of the tiger». Og musikken vil eit eige orkester på scena stå for.

 

 

Dei som er med på musikalen:

Elevar frå Eid vidaregåande skule:

Agnes Pauline Moldestad Thunem, Selje

Alexa Valentina Rogdo Melheim, Eid

Amalie Førde Engelbrektsson, Eid

Amida Mutoka, Eid

Andreas Raftevold Espelund, Eid

Cara Emilie Rørstad Strand, Eid

Eline Jacobsen Lillestøl, Eid

Emma Kristine Ervik, Stadlandet

Håkon Bøen, Eid

Ingar Hjelle, Oppstryn

Ingebjørg Flyum Bjørlo, Eid

Ingrid Tykhelle Kayser, Eid

Ingvild Taklo Stautland, Eid

Karl Oskar Nyberg, Eid

Kjersi Wiik, Davik

Markus Frislid, Eid

Martha Standal Pavelich, Eid

Paul Standal Pavelich, Eid

Reany Mekke, Eid

Robert Ryland, Eid

Torbjørn Åshamar Eriksen, Eid

Ådne Reidar Nes Kleppe, Eid

Dansarar:

Ida Bredesen

Marshalena Antony

Band:

Dan Aasebø - gitar

Einar Yngve Opsvik - tenorsaksofon

Erlend Skjelsvik Os - keyboard

Inge Haugen - altsaksofon

Johan Raftevold Espelund - keyboard

Jon Gabriel Flikke - trompet

Leif Telvik - slagverk

Otto Ose - bassgitar

Unn Elin Carlsen - trombone